mollst2

Fra de mollstemte skoger

5`er i Spellemannsbladet

Posted on Tuesday, 8 May 2012

News :: 5-er-i-spellemannsbladet :: Anmeldelse spellemannsbladet

5`er i Spellemannsbladet

Fra de mollstemte skoger er namnet åt trioen som står bak denne tiltalande viseplata. Alle tre har laga nye melodiar til dikt av fylgjande forfattarar som alle har ei eller anna tilknytning til Hedmark: Ove Røsbak, Hans Børli, Halldis Moren Vesaas, Ola Jonsmoen, Karin Sveen, Jakob Lishaugen og Einar Skjæraasen. Og det lyt seiast med ein gong: Denne plata er ikkje skjemd av å væra lokalpatriotisk. Dette er gode dikt som forsvarar sin plass i den norske språkheimen, og dei veks i si nye form. Musikarane har med andre ord valt tekstar som eignar seg som songlyrikk.

Felespelar/cellist Tove Dalbakk, gitarist Annar By og vaskebrettspelar Hege Nylund vekslar på å vera songsolistar, og alle korar dei for kvarandre. Stemmene kler kvarandre, og instrumenteringa får det heile til å opplevast større enn ein lågmælt trio. Annar By har ein særprega spelstil der han kombinerer fingerspel og meir rocka rasping over strengene, og Tove Dalbakk sitt cellospel fyller bassfunksjonen på ein velbalansert måte. Felespelet hennar er nøkternt, men varmt. Vaskebrettet dukkar ikkje opp for ofte, men når det først er der, svingar det betre enn mange trommemaskinar!

Balanse er noko som særmerker denne plata. Stilistisk kjennest tilhøvet mellom norsk folkesong, nyare svensk visestil og amerikansk gitarspel godt. Og det kanskje viktigaste: Dei tre utøvarane gjev plass til kvarandre samstundes som dei får utfalda seg. Det einaste som fungerer mindre godt, er dei uakkompagnerte korpartia i ”Keimat”, der stemmeføringa ikkje alltid er optimal. Unisonsong av manns-og kvinnestemme i oktavforhold er alltid vanskeleg, og i ”Ei vise for to” fungerer det heller ikkje optimalt. Men heldigvis er det ikkje for mykje slik her.

Høgdepunkt er kjærleiksvisene ”En godklæm tel deg” og ”Så lengi du kjæm att”, begge med tekst av Ove Røsbak. Amerikavisa ”Skreddar” med sitt countryrock-preg er meir rufsete, men likevel heilt på sin plass, med sin kombinasjon av humor og melankoli.

Produsent Anders E Røine har gjort ein god jobb med å balansera tilhøvet mellom fine individuelle prestasjonar og det samla uttrykket, og Audun Strype sin lyd er som vanleg framifrå. Det lét intimt, men ikkje privat.

Sigbjørn Apeland


Basket

The basket is empty

Media Player

Så lengi du kjæm attSå lengi du kjæm attFra de mollstemte skoger
0:00

Member Login

Don't have an account?
Sign in with a network ID or create a new one:

Spillejobber

No events to display
Get a free website at www.get-ctrl.com © Fra de mollstemte skoger Terms & Conditions powered by get-ctrl

Sending Data

Taking too long?

Close
Loading...